tilbake til framsida..
Viser min bestefar song
Ei unik viseforestilling som byr på nokre av dei kjæraste og finaste visene i Norges visehistorie, revyslagere som byr til både latterbrøl og allsang, spennande historier, historiske bilder og morsomme anekdoter. Bli med på ei reise, sett gjennom Odd Raftevold, Aleksander sin bestefar, sine auge. Gjennom oppveksten frå midten av 1930-talet, gjennom krigen og åra som fulgte, til eventyr på dei 7 hav, året på Grønland, kvalfanst i Sydishavet og mykje, mykje meir!

"lyden av mine ungdomsår"
- publikum
Kjente og kjære viser, og glemte perler!
Raftevold & Berg har med seg et knippe eminente musikarar på scena og gir deg musikk fra Jens Book-Jensen, Otto Nielsen, Inger Jacobsen, The Monn Keys, Einar Rose, Leif Juster, Alf Prøysen og mykje meir!
"terningkast seks!"
- publikum
Nytt liv i gamle revyslagere!
Aleksander sin bestefar lærte fleire gode revyviser når han segla mellom Europa og Amerika. Fleire av Odd sine kamerater hadde vore på både Edderkoppen og Chat Noir.
No har Aleksander og Sebastian blåst støv av 100 år gamle revyviser av Arne Svendsen, glemte perler av Einar Rose og ikkje minst - Leif Juster!

"Aleksander Raftevold: historieforteljar i særklasse!"

- publikum
"Det handlar om folk", seier Aleksander
Besten var, og er ein vanleg mann.
Du treng ikkje å kjenne min bestefar for å ha glede av forestillinga. Veldig mange fortel at dei kjenn seg att i besten sitt liv. Dei ser enten mykje av sitt eige liv, eller livet til noken i nær familie. Det tykkjer dei er fint og rørande. Gjennom musikk, bilder og historier kjem nostalgien og gode minner tilbake.
"Fantastisk fin og rørande forestilling"
Kapellmester Sebastian Berg har med seg Runar Netland på trommer, Andreas Oxholm på kontrabass og søstra Madelene Berg på scena. Fantastiske musikera som gir nytt liv til gode, gamle viser og slagera. Og inspirert av Regnbuen i Oslo har orkesteret matchende antrekk og orkesterfaner på notestativene.
En liten hyllest til 50-talets jazzorkester.

- publikum

"Publikum var over seg av begeistring
etter ei heilstøypt forestilling"
- Fjordabladet 14.12.25
Ta med deg nære og kjære til en helaftens forestilling på sjølvaste Edderkoppen teater i Oslo!
24. oktober 2026
