tilbake til framsida..
Bli kjend med
Raftevold & Berg
Sidan 2023 har viseduoen frå Nordfjord bergtatt publikum frå aust til vest, frå nord til sør
med kjente og kjære viser, spennande historier og morsomme anekdoter.
I tillegg har dei gitt ut eigne viser og er aktuelle med forestillinga Viser min bestefar song.

Aleksander Raftevold
Aleksander er vokalist og instrumentalist. Han er fødd i Volda, vaks opp i Nordfjord og Bergen og er difor gla i fire årstider på ein dag og lett dialektforvirra. Aleksander er utdanna ved the Liverpool Institute for Performing Arts, og har sidan 2016 vore busatt i Oslo. Saman med Sebastian driv Aleksander Pytt Studio i Oslo. Dei siste åra har han både skrive og produsert musikk til bla. Christel Alsos, Didrik Solli-Tangen, Emil Solli-Tangen og har også komponert musikk til NRK's Stjernekamp, 17. mai sendingar og Kvelden før Kvelden. I 2025 mottok Aleksander LEVE sin hederspris for sitt musikalske arbeid med musikalen USAGT.
I mars 2025 fekk Aleksander idéen om å lage ei forestilling om bestefaren Odd Raftevold sitt liv. Ei forestilling som tar publikum med på ei reise frå 1920 og fram til i dag. 8 månader etter at han fekk idéen hadde Raftevold & Berg premiere på Viser min bestefar song i Operahuset Nordfjord.
- No er dei klare for Oslopremiere på Edderkoppen Scene.
Sebastian Berg
Sebastian er fødd i Sverige, men han og familien flytta til Nordfjordeid når Sebastian var 7 år gamal. Det skal seiast om Aleksander er dialektforvirra skiftar Sebastian mellom kav nordfjording og svensk.
Sebastian har spelt i fleire band og grupper og har musikk utdanning frå Noroff i Bergen. Saman med Aleksander har han også turnért med Didrik Solli-Tangen og vore med på ein rekke innspelingar for både artistar og for TV produksjonar.
Han har turnért i Norge, Tyskland og England.
Ein fun fact! Når Sebastian var 17 år hadde han ein 12 år gamal gitarelev - Aleksander! Lite visste dei då at dei skulle spele kjente og kjære viser, revyslagere, enda mindre sette opp si eiga forestilling på Leif Juster's Edderkoppen!

